Jorda rundt på 60 minutt med Marta Norheim
Litteraturkritikar og superformidlar Marta Norheim tek oss med på ei litterær reise jorda rundt!
Det er fint å reise til ukjende stader og fjerne himmelstrøk, men littererære reiser gir oss tilgang til stader turisten aldri kan kome: Reisene kan gå til fortida, framtida, eller inn i livet og sinnet til vanlege menneske. Onsdag 2. september går reisa til Ukraina, Sør-Korea, Grønland og Kenya, blant anna. Korleis er det å skulke skulen i Ukraina, forelske seg i Kenya, vere lesbisk på Grønland eller vegetarianar i Sør-Korea?
Foredraget markerer avslutninga på litteraturreisa ‘Les deg verden rundt’. Det er gratis og opent for alle.
Kort om foredragshaldaren:
Marta Norheim er ein folkekjær kulturjournalist, kritikar og formidlar av litteratur, og har i ei årrekke vore ei kjend stemme for litteraturinteresserte radiolyttarar og TV-sjåarar. Ho har gjeve ut bøkene Røff guide til samtidslitteraturen (2007) og oppfølgaren Oppdateringar frå lykkelandet (2017), samt Friksjonar: essay frå kulturelle grenseområde (2011) som ho vant Språkprisen for. Norheim blei i 2002 tildelt Kritikerprisen for Årets kritikar.